I samband med diskusjonen om hesjing blei det etterlyst moglegheita til å kommentere artiklar på heimesida. Sidan eg er frykteleg lite interessert i hesjing (det er ikkje gras i Solund), og eg føler livet mitt renn ut i sanden til meir eg må høyre om dette, syns eg dette var ein god ide.

Er det nokon som har peiling på korleis ein kan få kommentarar direkte under artiklane, hadde det vore kjempefint om de kan hjelpe meg. Eg får det ikkje til, så inntil vidare har eg oppretta ein blogg som vi kan bruke til kommentarar.

Det ser ut for meg som vi kan ha fleire brukarar på denne bloggen, så hvis nokon har lyst til å skrive innlegg om bridge eller andre ting, ta kontakt.

Du treng ikkje brukarnamn og passord for å skrive kommentarar, men legg inn namnet ditt.

Og for ordens skuld: Eg kjem ikkje til å førehandsgodkjenne kommentarane, og eg reknar ikkje med det blir noko problem, men oppstår det noko slettar eg upassande ting utan å spørre nokon 🙂